Årets lokallag 2013Eiker Spellemannslag har gjort seg bemerket.... Fra FolkOrg sin utdeling: I år gjekk prisen til Eiker Spelemannslag og deira arbeid for dei lokale folkemusikktradisjonane i Eiker-området «Årets lokallag» er ein pris som vert delt ut av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans. I år går prisen til det laget som har gjort eit spesielt godt arbeid for revitalisering av lokale folkemusikk - og folkedanstradisjonar. Prisen er på 10 000 kroner. Eiker Spelemannslag har gjort eit grundig arbeid gjennom å leite i arkiv, teikne ned innspelingar på notar, og etterlysing av stoff gjennom lokalmedia. Det siste er arbeidskrevjande, men eit verdfullt supplement for å få tak i slåttar og informasjon der arkiva ikkje strekk til, heiter det i grunngjevinga frå styret i FolkOrg. Etter lang leiting har dei no namn på 11 aktuelle spelemenn og nok materiale til ein konsert. I oktober kan ein høyre resultatet av skattejakta under ein større jubileumskonsert i regi av spelemannslaget. Arbeidet til Eiker Spelemannslag fyller på ein framifrå måte kriteriet for «årets lokallag» i 2013: Revitalisering av lokale folkemusikk - og folkedanstradisjonar. Dei andre nominerte lokallaga var Hardanger Spelemannslag og Naustedalen Spelemannslag. Les mer på www.folkemusikk.no! ![]() Tilbake |